Høgvolumperiode i ID-porten

I perioden 16. mars-7. april vert skattemeldinga puljevis gjort tilgjengeleg for skattepliktige, og det betyr høg trafikk i ID-porten.

Bidra til stabile tenester

Det er viktig at de informerer oss om eventuelle planar for varslingar til innbyggjar, eller om de ventar auka bruk av tenestene dykkar i mars/april. Då kan vi orientere våre samarbeidspartar og vi kan førebu beredskapen vår på ein hensiktsmessig måte. Ta kontakt på servicedesk@digdir.no.

Unngå sjølvbetening

Vi oppmodar våre kundar til å unngå sjølvbetening i ID-porten, maskinporten og kontaktregisteret i periodane nedanfor:

  • 16.03 kl. 00:00-24:00
  • 17.03 kl. 09:00-17:00
  • 25.03 kl. 09:00-17:00

Dersom det vert naudsynt kan sjølvbeteninga bli stengt i periodar. Dette vil i så fall bli varsla på samarbeidsportalen.

Ventar høg trafikk

Engasjementet rundt publisering av skattemeldinga brukar å vere stort. Som i fjor vert skattemeldinga gjort tilgjengeleg puljevis og du får beskjed når du kan sjekke skatten din. Ettersom det vert mange puljer med utlegg, ventar vi fleire høgtrafikkdagar i ID-porten.

Kø-løysinga beskyttar ID-porten

Skatteetaten og Altinn har tatt i bruk kø-løysinga som fungerer som eit virtuelt venterom, med hensikt å gi brukaren ei god innloggingsoppleving i tillegg til å sikre at tenestene forblir stabile og tilgjengelege. Brukaren vil halde på sin plass i køen, så lenge nettlesarvindauget ikkje lukkast.

Følg med på samarbeidsportalen

Samarbeidsportalen er den primære informasjonskanalen frå Digdir til kundane våre. Her vil vi dele statistikk og status for løysingane gjennom høgvolumsperioden.

Har du Facebook?

Bli med i Facebook-gruppa Samarbeidsportalen og få med deg siste nytt om dei digitale fellesløysingane.

Bli med på tippekonkurranse

Tradisjon tru inviterer vi til å delta i tippekonkurranse om trafikk i ID-porten i samband med skattemeldinga. Delta ved å skrive inn svaret ditt og kontaktinformasjon i skjemaet nedanfor, og du er med i trekninga av eit par trådlause, vanntette Philips øyreproppar! Fristen for å delta er 19. mars kl. 22:00.

Kontakt