Status - Høgvolumperiode i ID-porten

I perioden 16. mars-7. april vert skattemeldinga puljevis gjort tilgjengeleg for skattepliktige, og det betyr høg trafikk i ID-porten. Nedanfor finn du dagleg status og statistikk for ID-porten.

Status 25. mars kl. 23:00

Det er fin trafikkflyt i ID-porten og løysinga har det bra. Grafane lengre nede på sida syner innloggingar i ID-porten, til skattemeldinga og prosentvis fordeling mellom eID-ane.

Vi har aldri hatt så høg trafikk i ID-porten som gjennom skatteperioden i år, og ID-porten har levert både på ytelse og stabilitet i heile perioden.

Kjetil Melheim, driftsleiar for ID-porten

Vi overvakar helsetilstand på alle komponentar i verdikjeda, unormalitetar i trafikk frå kundar, kø-løysinga og trafikkfordelinga til dei ulike e-ID-ane. Det er eit godt samarbeid mellom driftsleverandør, eID-leverandørane, og mellom Digdir og Skatteeaten.

Vi har god kontroll på trafikken til Skatteetaten og Altinn gjennom kø-løysinga, som er viktige faktorar for det gode resultatet.

Ivar Henjum, teknisk forvaltning og driftsleiar for KRR

Innloggingar til Skattemeldinga og totalt i ID-porten

Prosentvis fordeling per eID

Antall innloggingar i ID-porten - time for time

Status foregåande dagar

Det var fin trafikkflyt i ID-porten gjennom heile dagen. Det vart gjort totalt 1 734 088  innloggingar i ID-porten og 719 833 innloggingar til skattemeldinga.

Ekstraordinært vedlikehald

Den 23. mars såg vi auka CPU-forbruk på sesjonsdatabasen og gjorde tiltak i løpet av ettermiddagen for å utbetre dette. Tiltaka gav ikkje tilstrekkeleg effekt, derfor vart det gjennomført eit ekstraordinært vedlikehald ved midnatt (24.03) for restart av ID-porten. Vedlikehaldet medførte 5 minuttar nedetid i ID-porten. Kundar vart varsla om det ekstraordinære vedlikehaldet på samarbeidsportalen og på e-post til varslingspunkt. 

"I ein høgvolumperiode som ved skattemeldinga er det viktig at (alle) kundane våre kan følge med på trafikkutviklinga i ID-porten, og vere trygge på løysinga fungerar godt for sine tenester. På samarbeidsportalen kan dei halde seg informerte gjennom heile perioden, og få oppdatert statistikk og visning av trafikkutviklinga."

- Marianne Strypet, redaktør for Samarbeidsportalen.

Det var fin trafikkflyt i løysinga. Enkelte Telenor-kundar opplevde i korte periodar problem ved innlogging til BankID på mobil. 

"For oss som jobbar med ID-porten betyr høgvolumsperiode meir trafikk i løysinga enn normalt. Det har vore ei imponerande trafikkutvikling dei siste åra, og det er moro å sjå at det som tidlegare reknast som høgvolum no er ein vanleg dag i ID-porten. Så vert det spennande å sjå om mars 2021 set ny rekord for trafikk i ID-porten."

- Andrea Tveit Paulsen, service manager ID-porten

ID-porten hadde stabil høg trafikk gjennom dagen, og trafikkflyten var god. Etter endt veke , syner statistikken at det vart gjort nesten 9,9 millionar innloggingar i ID-porten i veke 11!

"Kvart år er det stor medieinteresse knytta til skattemeldinga. Vi har ekstra tett koordinering med Skatteetaten og eID-leverandørane i denne perioden for å kunne gi media god informasjon og svar på spørsmål så raskt som mogleg. Det er ekstra stor pågang i ID-porten om dagen, noko som skuldast at mange også loggar seg på andre viktige offentlege tenester som helsenorge.no og NAV. "

- Are Kvistad, kommunikasjonsrådgivar i Digdir

Det var fin trafikkflyt i ID-porten også denne dagen. Det vart gjort 1 634 484 innloggingar i ID-porten denne dagenDet har vore jamn høg trafikk i ID-porten gjennom heile veka.

"Trafikken til brukerstøtte er som før utsendinga av skattemeldingen starta. Det er lite førespurnader vedrørande skatt. Eg trur årsaka til at det er lite telefonar, er at mange som vanligvis kun brukar innlogging ein gong i året (til skattemeldinga) har brukt den meir no i koronatida. Og dermed er dei det vi kallar vande brukarar."

- Anne Lise Breidvik, 2.linjeleiar ved ID-porten brukarstøtte.

ID-porten og eID-leverandørane fungerte stabilt og godt heile dagen. Det vart gjennomført totalt 1 922 446 innloggingar i ID-porten den 18.mars, og det vart logga inn til skattemeldinga 820 712 gonger.

"Forvaltningen er godt rusta for trafikken i ID-porten i forbindelse med utsending av skattemeldinga. Vi overvåkar ID-porten kontinuerleg, har tett dialog med Skatt og vi bidreg med nyttig informasjon om tilstanden til ID-porten i denne perioden. Dette gjer vi for å bidra til å sikre tillit til bruken av ID-porten."

- Nina Munthe Olsen, seksjonsleiar seksjon for marked og tenesteoppfølging

ID-porten ha levert stabilt gjennom heile dagen. Kø-løysinga beskyttar løysingane som forventa.

Frå 00:00-23:59 vart det gjennomført 1 956 940 innoggingar  totalt i ID-porten, og 845 417 innloggingar til skattemeldinga.

"ID-porten har det bra. Trafikken frå våre kundar fordeler seg fint og me har god kontroll over trafikkmønsteret."

- Kjetil Melheim, driftsleiar i ID-porten.

Det var fin trafikkflyt i ID-porten, som har fungert stabilt og godt gjennom heile dagen. Klokka 20 hadde 1 487 426 logget inn med ID-porten.