Som tidlegare varsla fasar vi ut SOAP-grensesnittet i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Frå 1. november vil vi slå av SOAP tenesten for "hent person" mot Kontakt- og reservasjonsregisteret. Då vil vi kun ha støtte for REST-kall.
Les kva de må gjere ved overgang frå SOAP til REST
Lurer du på om dette gjeld di verksemd?
I Min profil kan du sjå alle integrasjonar som di verksemd har i test og i produksjon. Finn du integrasjonar som heiter "KRR SOAP", må de gå over til å bruke REST API-et.
Kundar som i dag berre brukar REST API-et treng ikkje å foreta seg noko.
Har de ein leverandør?
Er integrasjonen sett opp av ein leverandør bør de kontakte leverandøren for å lage ein plan på overgang til REST API-et.