Designsystemet fekk stor anerkjenning under årets Visuelt-prisutdeling. Digdir tok heim både gull i kategorien digitalt design og hedersprisen frå IxDA, som løftar fram framifrå interaksjonsdesign og gode brukaropplevingar.
Gull i digital design
Visuelt er Noregs største konkurranse for skapare av grafisk og digital design. Under årets prisutdeling fekk Designsystemet gull i kategorien digital design.
Juryen trekte fram både den høge designkvaliteten og korleis Designsystemet bidrar til meir heilskaplege, tilgjengelege og brukervennlege digitale tenester på tvers av offentleg sektor.
I grunngivinga blei Designsystemet løfta fram som ei «gavepakke» for befolkninga, og som eit viktig bidrag til å demokratisere digitale løysingar gjennom gjenkjennelege, truverdige og inkluderande brukaropplevingar på tvers av tenester og verksemder.
Designsystemet er en felles verktøykasse med UI-komponenter og retningslinjer for utvikling av digitale tjenester. Det er gjort et utrolig grundig og omfattende arbeid, hvor tilgjengelighet har vært førende i alle valg. Resultatet er et imponerende robust og omfattende system, som samtidig er svært fleksibelt og kan ta inn over seg høyst ulike merkevareprofiler. Designsystemet er virkelig en gavepakke til hele Norges befolkning med hele vårt samlede funksjonsmangfold. En demokratisering av digitale løsninger som sikrer gjenkjennelighet, troverdighet og god brukeropplevelse på tvers av tjenester og virksomheter.
Fekk også hedersprisen frå IxDA
I tillegg fekk Designsystemet hedersprisen frå IxDA – ein pris som løftar fram framifrå interaksjonsdesign der brukaroppleving står i sentrum. Prisen blir vurdert etter kriterium som moglegheit, målgruppe, effekt og handverk.
I grunngivinga peikar juryen på at gode, samanhengande og tilgjengelege digitale tenester ikkje oppstår tilfeldig, men krev tydelege prioriteringar, retning og langsiktig arbeid. Juryen løftar fram Designsystemet som ein felles grunnmur for digitale tenester i Noreg, og trekk særleg fram korleis Digdir har tatt ei tydeleg rolle i å etablere ein standard for korleis digitale tenester bør utviklast.
Juryen er også imponert over korleis Designsystemet kombinerer fagleg dybde med openheit og fellesskap. Dei meiner løysinga ikkje berre har løyst eit teknisk behov, men også skapt ein felles standard og ein samarbeidsarena som gjer Noreg betre rusta til å utvikle digitale tenester som fungerer for alle.
Ikke mange er posisjonert til å løfte et felles fundament for hele Norges digitale tjenesteutvikling. Digitaliseringsdirektoratet er det – og har tatt eierskap til det. Med Designsystemet har de sørget for en solid grunnmur som gjør det mulig, enklere og raskere for alle virksomheter – store og små, offentlige og private – å bygge gode digitale tjenester.
Eit samarbeid på tvers av offentleg sektor
Designsystemet blir forvalta av Digdir, men er utvikla i fellesskap med Utdanningsdirektoratet, Mattilsynet, KS Digital og Brønnøysundregistra.
I grunngivinga trekk juryen fram at Designsystemet er meir enn eit teknisk system. Det blir også løfta fram som eit fagmiljø og ein samarbeidsarena som samlar designarar, utviklarar og verksemder på tvers av offentleg sektor.
Juryen framhevar også at universell utforming og tilgjengelegheit har vore ein del av fundamentet heilt frå starten, og at dette er bygd inn i både komponentar, designval og dokumentasjon frå dag éin.
– Dette er ei viktig anerkjenning av arbeidet som er lagt ned, og av samarbeidet mellom dyktige fagfolk på tvers av verksemder. Det er også veldig kjekt at ein heil bransje peikar på Digdir og Designsystemet som eit fundament for betre digitale tenester i Noreg.
Kva er Designsystemet?
Designsystemet er ei felles verktøykasse med grunnleggande UI-komponentar, retningslinjer og mønster som du kan bruke når du utviklar digitale løysingar.
Designsystemet er eit digitalt fellesgode og gratis å bruke for både offentlege og private verksemder. Det er utvikla for å gjere det enklare å lage tilgjengelege, samanhengande og brukervennlege digitale tenester.