I dag er det 20 år sidan Altinn såg lyset for første gang. Daværende næringsminister Ansgar Gabrielsen trykka på knappen og erklærte regjeringa si storsatsing for åpna.
20-årsdagen vart markert med kake og tale ved kontora til Digitaliseringsdirektoratet, som seg hør og bør på ein slik merkedag.
- Me kan sjå tilbake på 20 spanande år, og ser fram til å fortsetta arbeidet med å gjere Altinn klar for framtida, sa Andreas Rafaelsen, avdelingsdirektør i Digdir under dagens markering.
Rustar seg for framtida
Altinn skal moderniserast for å sikre brukarvenlege, sikre og kostnadseffektive tenester også dei neste 20 åra. I tida fram mot juni 2026 skal Altinn etablerast på ny plattform med ny og modernisert arkitektur.