13. - 15. november vert Tietoevry sitt Public 360° brukerforum arrangert på Fornebu. Digdir er sjølvsagt tilstades og bidreg med både foredrag og stand.
Korleis bli verdsledande på digitalisering?
Saksbehandlingssystemet Public 360° har stor utbreiing og bruk i offentleg sektor, og brukarforum er ein viktig møteplass for brukarane. Vi i Digdir ser fram til å bidra til godt samarbeid med leverandørar og kundar.
Tema for årets konferanse er "Hvordan bli verdensledende på digitalisering?"
Dette er Digdir sine bidrag:
- 14. november: Espen Sjøvoll deltek i paneldebatt. Bakteppet er den nye Digitaliseringsstrategien med ambisjon om verdsleiande digitalisering. Tema: Digitalisering i verdensklasse - løysingane finst, så kva er problemet?
15. november: Jon Håkon Odd skal på scena og fokuserer på gevinstane ved å bruke fellesløysingar i tenesteutvikling.
Møt oss på Digdir-standen
På vår stand møter du Bodhild Cirotzki og Roy Horn. Dei er tilstades for å møte deg, informere om aktuelle fellesløysingar og lytte til dine erfaringar. Vi er interessert i både suksesshistorier og floker i digitaliseringsarbeidet.
Ta ein tur innom standen, vi gler oss til å møte deg!