Eit av dei viktigaste bidraga frå det offentlege for å sikra velferdsstaten er effektivisering og digitaliseringa i forvaltninga. Difor må vi etablere ny finansieringsmodell som er føreseieleg og berekraftig for alle parter og gir insentiver til samfunnsøkonomisk bruk av løysingane.
Arbeidet er igang, og målet er at ny modell for Digdirs fellesløysingar kan takast i bruk frå 1. januar 2027. Digdir samarbeidar med Digitalserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og legg opp til involvering av fleire aktørar. Du vil alltid finna oppdatert informasjon frå prosjektet på prosjektsidene her på Samarbeidsportalen.
Kva skal vi oppnå?
Samordning, datadeling og auka bruk av fellesløysingar blir enda viktigare i ei tid med mindre peng i digitaliseringspotten. Ny finansieringsmodell skal stimulere til:
- Auka bruk: Modellen skal fremje utbreiing og bruk av fellesløysingar.
- Forenkling: Modellen skal vere enkel å forstå, transparent og gi alle partar betre oversikt og forutsetning i budsjettarbeidet.
- Nyutvikling: Modellen skal stimulere til styrka tenesteutvikling i dei enkelte verksemder sektorar og på tvers.
Forutsigbare rammevilkår: Modellen skal gi føreseielege og tilstrekkelege rammevilkår for fellesløysingane.
Følg med på Samarbeidsportalen
På prosjektsidene finn du alltid oppdatert informasjon over milepælar og framdrifta i prosjektet.