Statsforvaltarens fellestenester (STAF) har gjort kvardagen enklare med Altinn Studio. Ved å vidareutvikle eigne skjema i Altinn Studio har STAF gjort skjemahandsaming meir brukarvenleg, samstundes som dei har henta betydelege gevinstar når det gjeld effektivisering.
Månadens kunde er spalten som løftar fram verksemder som brukar ein eller fleire av Digdir sine fellesløsningar. Gjennom samarbeid og deling av erfaringar håper vi det vil inspirere andre verksemder til å ta i bruk eller utvide bruken av fellesløysingane.
Altinn Studio har gitt STAF eit stort løft!
Statsforvalterens fellestenester leverer tenester til statsforvalterane og utviklar digitale løysingar. Dei jobbar for å gi raskare og tryggare saksbehandling, slik at innbyggjarane får raskare svar på det dei treng, samt betre og enklare tenester.
Statsforvalterane handsamar sakar innen alt frå helse og miljø til barnehage, beredskap og rettshjelp. Det krever mange ulike skjema. Nokon enkle, andre komplekse og tett knytt til eigne fagsystem.
For STAF har Altinn Studio vist seg å vere eit fleksibelt og modent verktøy som dekker bredden av behov. I dag har STAF etablert over 50 nasjonale skjema i Altinn, og fleire er på veg inn i løysinga.
Vi ønskjer å lage løysingar som gjer kvardagen enklare både for innbyggjarane og for dei som behandlar sakene. Altinn Studio har gitt oss eit stort løft
Videoen viser korleis Statsforvaltarens fellestenester har teke i bruk Altinn Studio.
Altinn Studio er ei sjølvbeteningsløysing der offentlege verksemder kan utvikle digitale tenester. Plattformen gir moglegheit til å gjenbruke kode, funksjonalitet og komponentar som allereie er utvikla og testet. Det er difor eit fleksibelt, effektivt og brukarvenleg verktøy. Fellesløysinga er egnet for alle offentlege verksemder som har behov for å lage og tilby moderne digitale tenester.
STAF har utvikla eige mottakssystem: Altinn Import
For å sikre god flyt mellom innsending og saksbehandling har STAF utvikla mottakssystemet som dei kallar Altinn Import. Systemet hentar innsendingane automatisk frå Altinn og sender dei vidare til sak- og arkivsystemet med korrekt metadata.
Eit eksempel som blir trekt fram er skjemaet «Pasientreiser - oversending av klage». Skjemaet får rundt 4000 innsendingar årleg, og ved å automatisere dette ene skjemaet er resultatet store gevinstar og potensial for vidare effektivisering.
Det pekes dermed på store gevinster: Innsendingane kjem direkte til riktig avdeling, saksbehandling kan starte umiddelbart og manuell handsaming er nesten eliminert.
Silje fortel at STAF har hatt stor nytte av tett samarbeid internt, særlig med dokumentforvaltninga. Gjennom god dialog har dei sikra at skjemaene passer inn i arkivløysingane og støtter arbeidsprosessane til saksbehandlarane.
Når data kjem rett inn med riktig struktur, sparer vi mykje manuelt arbeid og får høgare kvalitet på sakene våre.
Betre kvalitet og mindre manuelt arbeid
Utover egine skjema bidreg Altinn Studio til at STAF kan hente data frå fleire nasjonale kjelder, som Folkeregisteret, Brønnøysundregistrene, Kontaktregisteret, Bring-API og Skatteetaten. Det gir betre datakvalitet, færre feil og mindre manuelt arbeid. Til dømes sjekkes det automatisk om ektepar har felles barn og krever gyldig meklingsattest ved separasjon og skilsmisse. Systemet kontrollerer også at meklingsdatoen ikkje er eldre enn seks månader. Dette heilt utan manuell oppfølging.
Små grep og godt samarbeid gir store gevinstar
Skjemautviklarane i STAF fortel at tett samarbeid med Digdir har vore ein nøkkelfaktor. Gjennom god dokumentasjon, statusmøter og faglege møteplassar som Altinn-kaffe og Slack-nettverket for utviklarane, har STAF fått både støtte og inspirasjon.
Altinn Studio har også gitt STAF eit kompetanseløft og mer brukarvenlege, standardiserte løysingar. Vidare planlegg dei å flytte resten av skjemaporteføljen til Altinn Studio og ta i bruk nye felleskomponenter som er under utvikling i Altinn.
Erfaringsutveksling
I alt har arbeidet gitt meir effektive prosessar, betre datakvalitet og ein enklare kvardag for alle partar. Vi takkar STAF for at dei deler sine erfaringar og viser korleis nasjonale fellesløysingar kan gi reelle gevinstar både for brukarane og forvaltninga.
Ta kontakt med silje.gustavsen@statsforvalteren.no eller eddie.borlaug@statsforvalteren.no for meir informasjon eller ein prat rundt STAF sin bruk av Altinn Studio!