Hopp til hovudinnhald

Ansattporten er ei innloggingsløysing som er tilpassa bruk som tilsett i ei verksemd. Løysinga er primært tenkt til innlogging på tvers av verksemder.

Oppretta: 07. mai 2025

Frå pilot til produksjon

I september 2022 tok første verksemd i bruk Ansattporten i pilot. Etter det kobla fleire seg på og Digdir har saman med pilotane jobba fram ei løysing som vi ynskjer å gå vidare med.

Sjølve løysinga er i dag ein kombinasjon av to av Digdir sine eksisterande fellesløysingar ID-porten og Autorisasjon. Saman utgjer desse ei autentiseringsløysing som og kan gi med informasjon om rollar og rettigheiter ein person har inn mot ei teneste.

Piloteringa har vist at kombinasjonenav desse to fellesløysingane opplevast som ein god måte å løyse behovet for tilsettpålogging i offentleg sektor.

Les meir om pilot-prosjektet og erfaringsrapporten her

Kvifor Ansattporten?

Ved å bruke Ansattporten opplever brukaren eit skilje mellom tenester som hen nyttar gjennom ID-porten som privatperson og i Ansattporten som tilsett. Brukaren kan logge inn på vegne av ei verksemd dersom representasjon er påkrevd. Det er ingen single sign-on (SSO) på tvers av tenester i Ansattporten.

Løysinga tilbyr idag dei same eID-ane som brukarane kjenner frå ID-porten. Vi ynskjer å utforske om det er mogeleg å tilby typiske «jobb-eID-ar» i tillegg for bruksmønster som ikkje har same sterke krav til sikkerheit.

Kven kan bruke Ansattporten?

Alle kundar som har signert Digdir sine bruksvilkår for offentlege kundar kan bruke Ansattporten til ordinær punktautentisering på same måte som dei gjer i ID-porten i dag.

Kundar som og er tenesteeigarar i Altinn og har ei Altinn2 lenketeneste kan ta i bruk organisasjonsvelgar og tilgangsstyring basert på representasjonsforhold i Altinn Autorisasjon. Når vi får på plass ei kobling mot Altinn3 vil denne funksjonaliteten og vere tilgjengeleg for andre kunder.

Kontakt

Servicedesk