Hopp til hovedinnhold

Nok ein gong gjennomfører vi Brukarrådet som eit heildigitalt og gratis arrangement. Påmeldinga er no open, så hald av datoene 1.–2. desember i kalenderen og følg sendinga frå din eigen skjerm.

Opprettet: 18. august 2026
Person som står foran kamerat og snakker.
På Brukarrådet deler Digdir informasjon om løysingane, utviklingsplanane og lyttar til erfaringar og behov frå dei som nyttar fellesløysingane.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Brukarrådet er den årlege, heildigitale møteplassen der Digdir, offentlege verksemder og leverandørar møtast for å dele innsikt, erfaringar og planar for dei nasjonale fellesløysingane.

Samarbeid for felles bruk og gevinstar

Dei nasjonale fellesløysingane løyser felles behov i forvaltninga. Dei blir utvikla éin gong, blir forvalta sentralt, kan gjenbrukast av mange og forenklar tilgangen til offentlege tenester.

På Brukarrådet 2026 får du innsikt i aktuelle fellesløysingar og korleis Digdir utviklar desse for å møte nye behov. Vi set søkelys på brukarane og dei mest sentrale satsingane våre. Korleis kan vi saman byggje enklare, tryggare og meir samanhengande digitale tenester?

Du får også moglegheit til å stille spørsmål, gi innspell og delta i dialogen.

Kven er målgruppa?

Om du lurar på om Brukarrådet er for deg, kan vi sei at deltakarane spenner breitt. Her deltek alt frå utviklarar og tekniske ekspertar til leiarar med overordna ansvar for digitalisering. Enten du jobbar med strategi, utvikling eller drift, vil Brukarrådet gi deg nyttig informasjon og god inspirasjon.

Påmeldinga er open

Vi jobbar med programmet, men alt no er det opna for påmelding. Meld deg på, så får du informasjon direkte om arrangementet og videolenke når arrangementet nærmar seg.