Hopp til hovudinnhald

Fullmaktsløysing, ny MinID-app, digitale lommebøker, nye Altinn og mykje meir. Møt oss på to digitale dagar der vi deler status og planar for fellesløysingane, og der du kan stille spørsmål og gi innspel. Det er gratis å delta.

Fra studio
Brukarrådet er Digdirs heildigitale arrangement der hovudtema er dei digitale fellesløysingane som både statleg og kommunal sektor brukar i sine digitale tenester.
Foto: Bård Basberg/Digdir

Brukarrådet er møteplassen for deg som brukar eller vurderer å ta i bruk Digdirs fellesløysingar. Kvart år har vi omlag tusen deltakarar som følger arrangementet, og evalueringane viser at både innhald og form passar godt for våre målgrupper.

På Brukarrådet får du siste nytt om kva fellesløysingane kan gjere for verksemda di. Over to dagar deler vi status, planar og erfaringar frå året som har gått. Vi vil gjerne høyre dine òg. Undervegs kan du stille spørsmål og kome med innspel i chatten.

Vi stiller med våre beste fagfolk og får med oss sentrale ressurspersonar frå andre verksemder, leverandørar og sluttbrukarar i studio. Dette er blant tema du kan sjå fram til:

Fullmakt: Slik blir det enklare å handle på vegner av andre

Mange innbyggjarar treng eller ønskjer at andre skal kunne handle på deira vegner i digitale tenester. I dag er dette krevjande, både for den som blir representert og for den som representerer.

Ein pårørande fortel om erfaringane sine i møtet med det digitale Noreg, og vi viser korleis ny løysing for digital representasjon, nye funksjonar i Altinn Autorisasjon og samarbeid på tvers av sektorar bringar oss nærare ei heilskapleg fullmaktsløysing.

Vi lanserer ny MinID-app

Korleis kan det bli enklare og tryggare å få og bruke elektronisk ID? Vi deler erfaringar frå MinID i skulen, om vidare planar, og du kan vere med på lanseringa av den nye MinID-appen.

No kjem lommebøkene

Dei første digitale lommebøkene blir no rulla ut i Europa. Gjennom eIDAS2-forordninga skal også Noreg få nye digitale identitetar og ein ny infrastruktur for å dele data gjennom digitale prov. Vi ser på korleis andre land gjer det, kor langt Noreg har kome, kva Digdir gjer på dette feltet, og kva bruksområde som blir testa i den nasjonale sandkassa for lommebøker.

Nye Altinn – nye moglegheiter

Altinn 3 er no ei etablert plattform som blir teken i bruk på mange felt. Kva har moderniseringa levert så langt, kva nytte har brukarar og offentleg sektor fått, og kva betyr det for deg som tenesteeigar framover? Dag to opnar med ei lengre økt om dette.

Tenester som heng saman

Kvifor er det framleis så vanskeleg å få tenester til å henge saman på tvers av verksemder og sektorar? Gjennom prosjektet «Felles løft: Sammenhengende tjenester for barn og unge» (SAMT-BU) viser vi konkrete brukarhistorier og piloter. Vi ser på kva som må vere på plass organisatorisk, juridisk og teknologisk, og kven som har ansvaret når utfordringane går på tvers.

Programmet inneheld også nytt om Ansattporten og Maskinporten, og ei orientering om korleis Digdir arbeider med utvikling, forvaltning og drift av sentrale fellesløysingar i ei urolig verd. Du vel sjølv om du vil følgje heile programmet eller berre dei innslaga som er viktigast for deg.

Slik deltek du

Brukerrådet 2026 er digitalt og blir sendt frå vårt studio i Oslo. Du kan difor følge sendinga frå din eigen skjerm. Det er gratis å delta, men du må melde deg på. Sett av datoane allereie no.