Hopp til hovudinnhald

Bli med å utvikle Designsystemet

Ved å samarbeide om Designsystemet kan vi lage meir gjenkjennelege brukaropplevingar på tvers av offentleg sektor. Vi kan dele erfaringar, lære av kvarandre og unngår å løyse dei same oppgåvene fleire gonger.

Laga: 26. november 2026

Designsystemet skal vere eit ope og inkluderande fellesskap der alle kan bidra, dele erfaringar og lære av kvarandre. Fellesskapet rundt Designsystemet er ope for deg som jobbar med digitale tenester, til dømes som desginar, utviklar, produkteigar eller konsulent. Du bestemmer sjølv kor aktiv du vil vere. Du kan følgje med på det som skjer, stille spørsmål eller bidra aktivt til vidareutviklinga.

I fellesskapet kan du:

  • få invitasjonar til demoar og arrangement
  • stille spørsmål og få hjelp når du skal i gang
  • dele erfaringar og lære av andre
  • gi tilbakemelding på komponentar, mønster og retningslinjer
  • løfte behov som gjeld fleire verksemder, og foreslå forbetringar

Slik tek du del i fellesskapet

  • Bli med i Slack-fellesskapet for å få nyheiter og invitasjonar, stille spørsmål og diskutere med andre.
  • Foreslå forbetringar på GitHub. Meld frå om feil, foreslå endringar eller diskuter nye komponentar.
  • Del erfaringane dine. Skriv om løysingar de har utvikla, eller del døme på god praksis.
  • Ta kontakt om samarbeid. Send e-post til designsystem@digdir.no dersom du vil at verksemda di skal delta tettare i utviklinga av Designsystemet eller i arbeidet med felles mønster.

Samarbeidsmodell

Digdir forvaltar Designsystemet, men utviklinga skjer i samarbeid med fleire verksemder. Saman deler vi kunnskap og utviklar løysingar som gir ei meir heilskapleg brukaroppleving på tvers av offentleg sektor.