På eIDAS-konferansen 2026 samlar vi verksemder i offentleg og privat sektor til landets viktigaste arena for å diskutere digitale lommebøker og elektronisk identifikasjon (eID). Kva gevinstar kan lommeboka gi for innbyggjarar og di verksemd?
Noreg skal i likheit med resten av Europa innføre eIDAS-forordninga og digitale lommebøker. Kva betyr dette for oss, og kva nye mogelegheiter opnar seg? Målet med konferansen er å sikre at Noreg er godt budde på å ta i bruk lommebokteknologien innan 2030.
Sogndal 17. og 18. mars 2026
Konferansen er gratis og finn stad i Sogndal kommune, i Vestland fylke 17.-18. mars. Deltakarar må sjølve dekke reise og opphald.
Det er reservert eit antal hotellrom til avtalepris på konferansehotellet. Avtalepris er kr. 1.590,- pr natt. For å sikre deg rom på konferansehotellet bør du bestille innan 3. februar. Rom kan bestillast her.
Tema
- Betydninga av eIDAS og digitale lommebøker for Noreg
- Nye mogelegheiter, nye forretnings- og tenestemodellar
- Praktiske eksempel på bruk av lommeboka
- Lær korleis verksemder kan ta i bruk den nasjonale sandkassen for digital lommebok for å utforske og teste tenester i eit lukka og trygt testmiljø
Innleiarar og program
Høyr frå ekspertar frå Europakommisjonen, EUs storskalapilotar, norske marknadsleiande selskap, og Digdir sine spesialistar på eID. I tillegg vil andre nasjonale myndigheiter bidra med verdifulle innspel.
Konferansen inkluderer også arbeidssesjonar der offentlege og private aktørar kan utveksle erfaringar og diskutere utfordringar spesielt knytta til den nye forordninga.
Kven bør delta?
Offentlege og private verksemder og frivilligheita i Noreg inviterast til å utforske moglegheitene med eIDAS. Vi legg særskilt vekt på deltaking frå universitets- og høgskulesektoren, næringslivet og myndigheiter for å byggje forståing og fremje diskusjonar om næringsutvikling basert på innføring av framtidas digitale identiet.