Hopp til hovudinnhald

Over 250 deltakarar frå heile landet og Europa deltok på eIDAS konferansen i Sogndal denne veka. Det var to dagar med innsikt, erfaringsdeling og diskusjonar om eIDAS 2.0 og digitale lommebøker.

Laga: 19. mars 2026
Karianne Tung på scenen
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung opna konferansen i ein fullsatt sal i Sogndal.
Foto: Bård Basberg/Digdir

Konferansen samla verksemder frå offentleg sektor, næringsliv og frivillig sektor, og vart av fleire omtalt som den viktigaste arenaen for å følgje utviklinga av digitale identitetar og den europeiske digitale lommeboka.

Konferansen vart opna av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Deltakarane fekk overordna innsikt i europeiske prioriteringar, status for innføringa av eIDAS 2.0 og erfaringar frå våre naboland og europeiske storskalapilotar.

Sjå opptak

Konferansen vart også direktesendt digitalt til dei som ikkje kunne delta fysisk i Sogndal. Opptak frå konferansen begge dagar er tilgjengelege for alle i ein begrensa periode.

Ser vi deg på Digitaliseringskonferansen?

Digitalisering er lagsport, og Digdir ønskjer å legge til rette for gode møteplassar for aktørar i offentleg og privat sektor. Neste store arrangement er Digitaliseringskonferansen i Oslo 16. og 17. juni. Meld deg på i dag!

Meir informasjon om eIDAS og digitale lommebøker