Denne veka lanserte danske styresmakter appen AltID, som lèt innbyggjarane vise legitimasjon og aldersbevis digitalt. Lanseringa er interessant for det norske arbeidet med digital lommebok og eIDAS 2.0.
AltID er ifølge Digitaliseringsstyrelsen Danmarks offisielle app for ID og digitale bevis, melder det danske digitaliseringsdirektoratet Digst (Digitaliseringsstyrelsen).
I den første versjonen kan brukarane legge inn to bevis: eit legitimasjonskort og eit aldersbevis. Aldersbeviset kan til dømes brukast på utestader eller ved kjøp av alkohol og tobakk, medan legitimasjonskortet kan brukast i situasjonar som å hente pakkar. Appen er tilgjengeleg for personar over 13 år som har MitID og eit CPR-nummer.
Digital lommebok-teknologi
I praksis er AltID første steg i innføringa av den europeiske identitetslommeboka i Danmark. Eit sentralt trekk ved løysinga er at brukaren sjølv styrer kva opplysningar som blir delte. Brukaren kan til dømes stadfeste at ein er over ei viss aldersgrense utan å vise fullt namn, adresse og personnummer. Bevisa ligg lokalt på telefonen, og det er berre brukaren sjølv som har tilgang til opplysningane.
Fleire bevistypar skal kunne leggjast til i appen over tid.
Er relevant for arbeidet i Noreg
– Det blir spanande å sjå lommebøker bevege seg frå presentasjonar til verkelegheita. Erfaringar frå Danmark og andre EU land har allereie vore nyttige for det norske arbeidet på området. Å sjå praktiske eksempel og trekke vekslar på kvarandre sine suksessar kjem til å vere viktig for å drive fram denne spanande endringa for digitale tenester, seier seksjonssjef Jon Håkon Odd i Digdir.
Tilnærminga i AltID – der brukaren deler minst mogleg informasjon og bevisa ligg lokalt på eininga – byggjer på dei same prinsippa som ligg til grunn for den europeiske digitale lommeboka (EUDI Wallet) under eIDAS 2.0. Konsept som dataminimering og brukarkontroll er sentrale krav i forordninga.
Danmark er eit av landa Noreg følger i det europeiske samarbeidet om digital identitet. Erfaringane frå nabolanda gir nyttig læring for Digdir sitt arbeid med å planlegge og koordinere innføringa av ei norsk digital lommebok, og for korleis slike løysingar skal spele saman med eksisterande eID-ordningar.