Digdir stiller med to ekspertar på Norges største utviklarkonferanse JavaZone denne veka for å informere om arbeidet med digital lommebok.

Digdir har ansvar for innføringa av den digitale lommeboka som skal gjere det enklare å identifisere seg, dele data og handle på tvers av grensene i Europa.
I foredraget på JavaZone skal løysingsarkitekt Aamund Bremer og sjefsarkitekt Jørgen Binningsbø fortelje om de nye regelverket og kva det betyr, det nye økosystemet for lommebøker og den sentrale arkitekturen, protokollar og dataformat som blir nytta.
Deltakarane får også høyre om den nasjonale sandkassa for utprøving og eksperimentering med teknologien, og korleis offentlege og private verksemder kan delta.
JavaZone 2025
Norges største utviklarkonferanse i Lillestrøm samlar rundt 3.500 deltakarar og 200 innleiarar. JavaZone drives av ein nonprofit-organisasjon og går av stabelen kvart år i september. Årets konferanse er utsolgt.