Under eIDAS-konferansen i Sogndal 17.–18. mars fekk Digdir ein unik moglegheit til å vise fram digital lommebok i praksis, og NRK var til stades.
Ungdom kjøpte energidrikk med digital lommebok
16 år gamle Ingrid kjøpte energidrikk med den nye digitale lommeboka, til stor merksemd frå NRK. Demoen fann stad i Sogndal under konferansen, og illustrerte korleis aldersverifisering kan gjerast enklare og meir personvernvenleg i framtida. Kjøpmann Mona Lie ved Rema 1000 Sjøkanten i Sogndal peika på at mange kundar ikkje har fysisk ID med seg, og at den digitale løysinga vil gjere det lettare å halde regelverket, utan tungvint handtering i kassa.
Statsråden såg løysinga på nært hald
Det var særleg stas at digitaliseringsminister Karianne Tung var til stades og fekk sjå funksjonaliteten demonstrert. Ministeren understreka at personvern står sentralt. Med den digitale lommeboka skal innbyggjarane sjølve velje kva informasjon dei deler, og opplysningar som namn, handlestad eller andre persondata treng ein ikkje dele. Tung presiserte at lommeboka skal brukast både i Noreg og i utlandet, og at innføring må skje på ein sikker måte i tråd med norsk og europeisk lovverk.
Personvernvenleg aldersverifisering
Den digitale lommeboka vil innehalde ei rekkje funksjonar, og aldersverifisering er ein av dei. I staden for å vise fram fysisk ID eller leggje att personopplysningar ein ikkje treng å dele, kan innbyggjarane i framtida bekrefte alderen sin digitalt – enkelt og personvernvenleg.
Demoen i Sogndal viste at teknologien allereie fungerer i praksis, og at kvardagssituasjonar som alderskontroll i butikk er eit godt utgangspunkt for å forklare lommeboka til folk flest.
Over 200 deltakarar til Sogndal
Over 200 deltakarar frå heile landet og Europa var samla til eIDAS-konferansen i Sogndal. To dagar erfaringsdeling og diskusjonar om eIDAS 2.0 og digitale lommebøker. At NRK dekka konferansen og demonstrasjonen, gir arbeidet med digital lommebok brei synlegheit i det norske mediebiletet.