Digdir har etablert eit arkitekturnettverk for verksemder som jobbar med testing og utforsking av digital lommebok. Nettverket er knytt til den nasjonale sandkassa og skal gi innspel til kva Digdir bør legge til rette for i vidare utvikling av lommebokteknologien.
Arkitekturnettverket er ein ny møteplass for arkitektar og utviklarar med særleg interesse for å teste og utforske lommebokteknologi i praksis. Nettverket skal vere ein arena for dialog, erfaringsdeling og faglege diskusjonar.
Så langt deltek om lag 30 personar frå 19 ulike offentlege og private verksemder. Det er hittil gjennomført to møte i nettverket. Her har deltakarane mellom anna presentert eigne verksemder og rollene sine i lommebokøkosystemet.
– Vi ser eit tydeleg behov for ein felles arena der arkitektar kan diskutere arkitekturval, behov og utfordringar knytte til digital lommebok på tvers av sektorar, seier Jørgen Binningsbø som er sjefsarkitekt i Digdir.
Tett kopling til sandkassa
Deltakarane i nettverket er anten allereie med i sandkassa, eller vurderer å bli med. På denne måten bidreg nettverket til å styrke samspelet mellom praktisk utprøving og langsiktig arkitekturarbeid.
– Gjennom nettverket får vi verdifulle innspel direkte frå dei som faktisk jobbar med å utvikle og ta i bruk teknologien. Det gir oss eit betre grunnlag for å prioritere rett i utviklingsplanane framover, seier Jørgen Binningsbø
Samlar innspel til vidare utvikling
Ein fellesnemnar for arkitekturnettverket er ønsket om å påverke kva kapabilitetar og funksjonsområde Digdir bør leggje til rette for i sandkassa. Eit eksempel på innspel som allereie har kome opp i nettverket, er korleis revokasjon skal handterast – det vil seie behovet for å trekkje tilbake eller annullere digitale bevis som er lagra i ei lommebok. Dette er eit tema som er relevant på tvers av bruksområde og sektorar, og som krev felles forståing og gode tekniske løysingar.
Neste møte 5. mai
Neste møte i arkitekturnettverket er planlagt 5. mai. Nettverket er ope for deltakarar som ønskjer å bidra med kompetanse, erfaringar og innspel knytte til digital lommebok og eIDAS-arbeidet.
Etableringa av arkitekturnettverket er eitt av fleire grep Digdir tek for å leggje til rette for brei involvering og samarbeid i arbeidet med å føreby offentlege og private verksemder på innføring av digital lommebok i Noreg.