Samarbeid med EU
Digdir koordinerer implementeringa av eIDAS-forordninga i norsk lov, saman med tilhøyrande rettsakter som f.eks. utvikling av forskrifter. Arbeidet er ikkje begrensa til prosjektperioden, men inneber varig samarbeid med EU, ettersom den digitale lommeboka utgjer ein delt infrastruktur i heile Europa. For å sikre smidig implementering og forvaltning er det nødvendig med tett samarbeid og dialog på fleire nivå.

European Digital Identity Cooperation Group (EDICG)
Digdir deltar i European Digital Identity Cooperation Group (EDICG). Samarbeidsgruppa har som formål å støtte implementeringa av eIDAS 2.0, gi råd til EU-kommisjonen og bidra i utbygginga av «verktøykassa» til europeiske digitale identitetslommebøker.
Gruppa skal også støtte og tilrettelegge for grensekryssande samarbeid og informasjonsutveksling mellom medlemsstatar om tillitstenester, europeiske digitale identitetslommebøker og notifiserte eID-ordningsr.
EDICG er ein møtearena med representantar frå medlemsstatene, EU-kommisjonen, notifiserte eID-ordningar og tillitstenester. Digdirs direktør er oppnemnt som norsk høgnivå representant i gruppa.
For å sikre innføringa av eIDAS på eit operativt nivå, er det oppnemnt ei arbeidsgruppe til EDICG. Digdir er fullt medlem i arbeidsgruppa på linje med medlemsland i EU. Denne arbeidsgruppa overtek arbeidet til eIDAS Expert Group og eIDAS Cooperation Network. I arbeidsgruppa blir det samarbeidd om både eIDAS 1 og den kommande digitale lommeboka. I tillegg behandles ulike tema knytta til ulike tillitstenester.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Vidareutvikling av ARF
- Forberedande diskusjonar om rettsakter
- Sertifiseringsordningar
- Samarbeid om eIDAS-node og fagfellevurderingar
- Samarbeid om forvaltninga av den digitale lommeboka
- Samarbeid om øvrige tillitstenester
Digdir er som norsk kontaktpunkt for eIDAS 2 ovafor norske aktørar og skal sørge for informasjon og høyre norske aktørar. Digdir har ansvar for å koordinere nødvendige leveransar og dokument for innføringa av forordninga.
eIDAS-komiteen
Slike komitear er den vanlege mekanismen i EU for at medlemslanda skal bli einige om forskrifter (implementing and delegated acts).
Digdir og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet møter i eIDAS-komiteen. Norge har møterett, men ikkje stemmerett.