Hopp til hovudinnhald

Samarbeidsfora for digital lommebok

For å sikre ein koordinert og kunnskapsbasert innføring av digital lommebok har Digitaliseringsdirektoratet oppretta både Nasjonal ekspertgruppe og arkitekturnettverket for nasjonal sandkasse. Desse foraa bringer saman sentrale aktørar som vurderer behov, testar løysingar og gir faglige råd som forbereder Norge på krava i eIDAS 2.0.

Laga: 31. mars 2025 Sist endra: 03. februar 2026
Illustrasjon av samarbeid

Nasjonal ekspertgruppe

Den nasjonale ekspertgruppa skal bidra med råd og utveksling av beste praksis for å sikre at krav, standardar og rettsakter for den digitale lommeboka varetar norske interesser. Ambisjonen er å skape eit fungerande samarbeidsforum som sikrar god informasjonsflyt, brei involvering og opne drøftingar om det viktige arbeidet som står føre oss.

Arkitekturnettverk for nasjonal sandkasse

Det nasjonale arkitekturnettverket skal gi faglige råd og dele erfaringar som styrker utviklinga av teknologi, arkitektur og løysningar for den digitale lommeboka. Nettverket skal bidra til ei felles forståing av arkitekturrammeverket, sikre god samhandling mellom aktørane og legge til rette for opne drøftingar om dei valga og avvegingane som må gjerast. Ambisjonane er å skape ein robust fagleg plattform som gjer Norge best mogleg forberedd på innføringa av eIDAS 2.0.

Andre samarbeidsarenaer

Parallelt vil det også bli etablert eit breiare interessentfora for både private og offentlege aktørar. Digdir vil arbeide for at prosessen knytt til implementeringa av eIDAS 2.0 og arbeidet med lommebøker i Noreg skjer på ein open og involverandre måte der alle relevante aktørar og brukergrupper opplever at innsyn, inkludering og involvering blir ivaretatt.