Digdir gjennomførte nyleg eit webinar om korleis europeiske brukarar kan logge inn på norske digitale tenester via ID-porten.

Driftsleiar Eirik Hoem og utviklar Randi Øyri orienterte om korleis ein kan legge til rette for at utanlandske brukarar med godkjent eID kan logge seg på norske offentlege tenester via ID-porten.
Foto: Are Kvistad/Digdir
Rundt 130 deltakarer følgde webinaret da det vart sendt 19. juni. Webinaret var retta mot tenesteeigarar som ønskjer å gjere løysingane sine tilgjengelege for brukarar med godkjend elektronisk ID frå andre europeiske land, gjennom EUs eIDAS-infrastruktur.
Deltakarane fekk ei innføring i den nye funksjonaliteten, tekniske detaljar, døme på implementering og informasjon om vidare utvikling.
Fagpersonar frå Digdir svarte òg på spørsmål frå deltakarane. Spørsmål og svar, presentasjon og opptak av heile webinaret (15 min) finn du på Samarbeidsportalen.