Digitale lommebøker og eIDAS 2.0 vil endre korleis offentleg sektor designar, utviklar og forvaltar digitale tenester. Sjå opptak frå Brukarrådet i november der ein heil time i programmet var sett av til temaet.
Utdrag frå Brukarrådet 19. november 2025. Produsert av Digdir.
Brukarrådet for fellesløysingane er ein årleg digital konferanse som Digdir tilbyr gratis til alle som er interessert i digitalisering og tenesteutvikling i det offentlege. Over 900 deltakarar følgde sendinga 19. og 20. november.
I temabolken om lommebøker fekk deltakarane ei innføring i kvifor Noreg får ei europeisk digital lommebok, kva eIDAS 2.0 krev av staten, og korleis Digdir jobbar med å innføre regelverket og byggje eit nasjonalt økosystem for lommebøker og digitale bevis.
For alle som arbeider med digital tenesteutvikling, betyr eIDAS-forordninga nye rammer for innlogging, identitetskontroll, deling av data og bruk av digitale bevis på tvers av sektorar og landegrenser.
Nasjonal sandkasse
Ein stor del av opptaket presenterer den nasjonale sandkassa for digitale lommebøker, der offentlege og private aktørar kan utforske og teste lommebokteknologien, signering, tillitsrammeverk og deling av digitale bevis i praksis. På Brukarrådet vart det også gjennomført ein mini-hackaton saman med Skatteetaten.
Gjennom konkrete eksempel – som digitalt førarkort, studentbevis, bussbillett og inntektsbevis frå Skatteetaten – framgår det korleis bevis kan brukast i tenester.
Opptaket viser òg korleis norske fagmiljø deltek i europeiske pilotar for både person- og verksemdslommebøker, og kva dette kan bety for grenselause tenester, fullmakter og digital samhandling.
I januar 2026 blir det ein større hackaton i Oslo, program og påmelding er klart.