På eIDAS-konferansen 17. og 18. mars kan du møte digitaliseringsminister Karianne Tung, Digdir-sjef Frode Danielsen og nøkkelpersonar frå europeiske og nordiske verksemder som jobbar med elektronisk identitet og innføringa av digital lommebok.
Møt Khan Le som er programleiar på eIDAS-konferansen!
Påmeldinga til eIDAS-konferansen i Sogndal viser at det er stor interesse for å lære meir om digitale lommebøker. Halvparten av plassane er fylt opp med deltakarar frå både offentleg forvaltning, næringslivet og frivillige organisasjonar.
– Dette blir to dagar med fagleg påfyll, nettverksbygging og konkrete diskusjonar om vegen vidare for digitale lommebøker i Noreg og Europa. Eg er sikker på at dette vil gi nyttig innsikt i kva eIDAS 2.0 er, kvar vi skal, og korleis vi ser for oss arbeidet med innføringa i Noreg, seier avdelingsdirektør Nina Olsen Munthe i Digdir.
Innføringa i Noreg i europeisk kontekst
Programmet presenterer dei overordna føringane i EU, via europeisk samarbeid og nordiske erfaringar, til konkrete norske case og diskusjonar om gevinstar, risiko og praktiske bruksområde. Slik set vi arbeidet i Noreg inn i ein større europeisk og nordisk samanheng.
– Lommebokteknologien vil styrke personvernet, fungere grenseoverskridande og vil få betydning både for korleis forvaltninga, privat sektor og organisasjonslivet deler data, seier Olsen Munthe.
Målgrupper for konferansen
Konferansen er retta mot leiarar, beslutningstakarar, strategar, juristar, arkitektar og andre fagpersonar i offentleg og privat sektor som treng eit godt overblikk over kva eIDAS 2.0 betyr for deira verksemd.
Gjennom dei to dagane vil programleiarane Khan Le og Hans Christian Holte sørge for ein raud tråd mellom politiske innlegg, faglege presentasjonar og panelsamtalar. Dei leiar deltakarane gjennom sesjonar om samspel mellom næringsliv, tillit, samfunnsnytte og teknologi, og knyter saman perspektiv frå EU, nordiske land og norske aktørar.