Hopp til hovudinnhald

Norske aktørar kan no sende inn innspel til EU-kommisjonen sitt forslag til eit nytt rammeverk for European Business Wallet. Verksemdlommeboka blir ei digital løysing som skal gjere det enklare og tryggare for verksemder å utveksle data og gjennomføre juridiske meldingar på tvers av grensene.

Laga: 12. mars 2026
Illlustrasjon av virksomhetslommebok

Målet med verksemdlommebøker er å forenkle rapportering, forenkle og effektivisere prosessar, og kutte kostnader for europeisk næringsliv. Initiativet inngår i ein større digitaliseringspakke frå EU-kommisjonen.

Løysinga er tenkt som ein del av eit standardisert rammeverk for digital identitet for verksemder, inspirert av det som no blir utvikla for den europeiske digitale identitetslommeboka for innbyggjarar.

Høyring open for norske verksemder

Initiativet ligg no ute på EU si plattform “Have your say”, der både offentlege og private aktørar kan gi innspel i høyringsperioden fram til 6. mai 2026. Norske verksemder, organisasjonar og forvaltningsorgan kan sende inn kommentarar på lik linje med aktørar i EU-landa.

Bidraga blir publiserte på høyringssida og blir tekne med i det vidare arbeidet når kommisjonen vidareutviklar forslag til regelverk og tekniske krav.

Utkastet som ligg til høyring er det same som kommisjonen publiserte 19.11.2025, og som no er under handsaming i EU-parlamentet.

Slik kan du gi innspel

Aktørar som ønskjer å bidra, kan:

Ingen pålogging er nødvendig utover det EU krev for innsending av høyringssvar. Digdir tek gjerne i mot kopi av eventuelle innspel til vårt vidare arbeid.