Bruk av fellesløysingar sparar samfunnet for store gevinstar kvart år. I 2023 ga bruken av fellesløysingane ei nettogevinst berekna til 869 millionar kroner.
Kva består gevinstane av?
54% av gevinstane i 2023 kom i form av sparte kostnadar for det offentlege, som slepp å utvikle eigne løysingar, eller gjera eigne anskaffelsar. 46% av gevinstane i fjoråret kom som følgje av at fellesløysingane muleggjer mindre tungvinte prosssar, og i nokre tilfelle digitaliserer manuelle prosessar.
Estimerte framtidige gevinstar
Framtidige nettogevinstar for ein tiårs-periode vert berekna til 9,4 milliardar kroner. Dette er forventa gevinstar som vil verte realisert framover, samanlikna med eit scenario utan fellesløysingane.
I løpet av første kvartal i 2025 vil vi ha tal klart for året vi er inne i no.
Nettogevinst per fellesløysingar
Under vil du finna ei oversikt over nettogevinst for nokre av våre fellesløysingar.
ID-porten
Nettogevinst på 249 millionar kroner i 2023. Netto akkumulerte gevinstar på 1,1 milliard kroner for perioden 2019-2023. Framtidige netto akkumulerte gevinstar i tiårs-perioden 2026-2035 på 2,7 milliardar kroner.
Kontakt- og reservasjonsregisteret
Nettogevinst på 233 millionar kroner i 2023. Netto akkumulerte gevinstar på 1 milliard kroner for perioden 2019-2023. Framtidige netto akkumulerte gevinstar i tiårsperioden 2026-2035 er estimert til ca 2,5 milliardar kroner.
Maskinporten
Nettogevinst på 195 millionar kroner i 2023. Netto akkumulerte gevinstar på 380 millionar kroner for perioden 2019-2023. Netto akkumulerte gevinstar i tiårsperioden 2026-2035 er estimert til 1,9 milliardar kroner.