Hopp til hovedinnhold

Digital postkasse 2025

Her finn du statistikk om bruken av Digital postkasse til innbyggar i 2025. Du kan sjå tal på sende brev, aktive brukarar og utvikling over tid. Oversikta viser korleis løysinga blir brukt i digital kommunikasjon mellom det offentlege og innbyggarar.

Trafikk

Digital postkasse til innbyggar handterer store mengder digital post frå offentlege verksemder til innbyggarar. Her ser du korleis trafikken i løysinga utviklar seg over tid.

Grafen under viser talet på forsendelsar. Stolpane viser talet på brev som er sende digitalt, medan linja viser forsendelsar som er sendt til print og distribuert som fysisk post.

Samla gir dette eit bilete av kor stor del av kommunikasjonen som skjer digitalt, og korleis fordelinga endrar seg over tid.

Tips: Hald musepeikaren over grafen for meir detaljert informasjon om trafikk og fordeling per postkassetilbydar.

Oppetid

Digital postkasse til innbyggar skal vere ei stabil og tilgjengeleg teneste. Grafane under viser oppetida per månad for kvar postkassetilbydar. Grøn farge viser månader der oppetidskraveter oppfylt, medan raud farge markerer brot på kravet. Den stipla linja viser kravet til oppetid på 99,50 %.

Digipost

e-Boks

Innbyggarar med digital postkasse

Grafen viser kor mange innbyggarar som har digital postkasse. Desse innbyggarane kan ta imot post frå det offentlege digitalt.

Kundar

Grafen viser kor mange verksemder som har tatt i bruk Digital postkasse til innbyggar. Dei fleste er offentlege verksemder, men nokre private verksemder bruker også tenesta når dei utfører oppdrag på vegner av det offentlege.