Hopp til hovudinnhald

Sidan desember 2024 har talet på innbyggarar som har valt seg ein digital postkasse auka kraftig. Dersom utviklinga held fram vil vi bikke 4 millionar digitale postkassebrukarar i løpet av 2026.

Laga: 23. februar 2026

Kvifor veksten?

Digital postkasse gjer det mogleg for innbyggjarar å motta viktig post frå det offentlege på ein sikker og effektiv måte, uavhengig av om du har valgt e-Boks eller Digipost som leverandør.

Ein viktig del av veksten i 2025 kan knytast til eit nytt tiltak i ID-porten. Innbyggjarar som logga seg inn utan å ha valt digital postkasse, fekk eit tydeleg varsel med oppmoding om å bli digital brukar. Varslinga har gjort fleire merksame på ordninga og senka terskelen for å ta ho i bruk.

Over 575.000 nye digitale postkassar er blitt oppretta sidan desember 2024.

Fordelar for innbyggjarar

For mange betyr digital postkasse ei enklare kvardag:

  • Alt på ein plass: Ein kan samle viktig post digitalt, heile året, utan å leite gjennom postkassen heime.
  • Trygt og lett tilgjengeleg: Posten er kryptert og sikra slik at berre mottakaren kan sjå innhaldet.
  • Raskare levering: Digital post kjem fram med ein gong den er sendt, utan venting på postgangen.

I videosnutten under kan de sjå eit gjensyn med Helse Vest og deiras digitalisering av forsendelsar. Denne videoen er i samband med denne saka fra 2020.

Miljø- og samfunnsgevinst

Det er ikkje berre brukarane som tener på omlegginga. Overgangen frå papir til digital post har fleire positive ringverknader:

  • Mindre papir og transport: Færre fysiske brev betyr mindre utslipp, mindre bruk av papir og reduserte kostnader knytt til utsending og transport.
  • Effektivisering i offentleg sektor: Offentlege verksemder kan sende brev raskt og direkte, noko som frigjer ressursar både til drift og til betre tenester.

Digital postkasse bidreg til modernisering

Digital postkasse er hovudkanalen for sending av post frå statlege og kommunale verksemder, og blir brukt i stor grad for blant anna vedtak, informasjon og varsling.

Med den sterke veksten i brukartal og stadig fleire digitale tenester på offentlege nettstader, er det venta at digitale postkasser blir ein standard for kommunikasjon i tida framover – noko som kan gjere kvardagen enklare for millionar av nordmenn.