Hopp til hovudinnhald

Hittil i år har det vorte sendt over 27 millionar brev til Digital postkasse. Det er meir enn nokon gong, og året er enda ikkje over.

Laga: 19. november 2025

Rekordår for Digital postkasse til innbyggar

Digitale brev frå det offentlege blir stadig meir brukt, og utviklinga viser ingen teikn til å stoppe.

Allereie før året er omme, har innbyggarane motteke over 27 millionar brev i Digital postkasse. Det er fleire sendingar enn nokon gong tidlegare, noko som tyder på at både offentlege verksemder og brukarar i aukande grad vel digitale løysingar framfor papirpost.

Oppetida i tenesta er jamnt stabil og ligg høgt gjennom heile året, noko som gjer at både avsendarar og mottakarar kan stole på sikre leveransar når dei treng det.

Statistikk for alle våre løysingar

På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.