Hopp til hovudinnhald

Kvart år inviterer Digdir IT-studentar til å vere med på DIgdirCamp på kontora på Leikanger. I år er det kunstig intelligens som står i fokus.

Oppretta: 26. juni 2025
Bilete av Digdir-camparane

Digdir har i ei årrekke arrangert Digdir-camp der IT-studentar får prøve seg på spanande prosjekt gjennom sommaren. Årets oppdrag er å utforske korleis språkmodellar og kunstig intelligens kan brukast for å redusere arbeidsmengde og behandlingstid på vår Servicedesk. Leveransane skal dekke både intern bruk og eksternt ut mot våre kundar og leverandørar.

Viktig for Digdir

Prosjektet gir oss i Digdir verdifull praktisk erfaring med bruk av kunstig intelligens, samtidig som studentar som er under utdanning får nyttig og relevant erfaring. Det kjem også dykk som kundar og leverandører til gode gjennom at vi kan tilby betre og raskare svar.

Årets studentar er i eit pågåade studieløp og kjem mellom anna frå NTNU, UiB og Oslo Met.

– Vi ser at mange av henvendelsane til servicedesken inneber mykje gjentakande og manuell oppfølging. Difor ønskjer vi å sjå på korleis kunstig intelligens, særleg språkmodellar, kan hjelpe oss med å tolke desse henvendelsane og foreslå løysingar basert på dokumentasjon. Målet er at kundane skal få hjelp raskare, og at dei tilsette skal få frigjort tid til meir komplekse saker.

Bilde av Brage Navarsete
Brage Navarsete legg vekt på viktigheita av å utforske kunstig intelligens, til det beste for våre kundar.