Digdir er ein del av det tverrsektorielle samarbeidet DigiUng, som samlar kvalitetssikra informasjon og tenester for ungdom på ung.no. I mars møttest fageigarar frå fleire verksemder i Tromsø, der Digdir også delte erfaringar frå arbeidet retta mot ungdom.
Eit samarbeid for ungdom
DigiUng-samarbeidet utviklar og samlar offentlege tenester og informasjon for ungdom på ein stad for at ungdom skal sleppe å forholde seg til kvar sektor i offentleg forvaltning. Det er eit samarbeid mellom fleire statlege verksemder og direktorat. Ung.no er kanalen ut til ungdommane, medan DigiUng er samarbeidet som jobbar for å styrke informasjonen og samle den på ung.no. I 2023 fekk DigiUng både Bedre stat-prisen og Digitaliseringsprisen for arbeidet med å samle offentlege tenester for ungdom.
Underliggande etatar i sju departement er med i samarbeidet. Helsedirektoratet og Bufdir står saman om eigarskapet i DigiUng.
Kort om DigiUng
- For at ungdom skal sleppe å forhalde seg til kvar enkelt sektor i forvaltninga, samarbeidar ei rekke verksemder for å tilby saumlaus informasjon og tenester på ung.no.
- DigiUng samlar, utviklar og vidareutviklar offentlege tenester og kvalitetssikrar informasjon til ungdom.
- 250 fagpersonar frå heile landet svarer ungdom på spørsmål om det dei lurer på.
Fageierforum i Tromsø
I starten av mars vart det arrangert Fageierforum i Tromsø. Her møttest fageigarane i DigiUng for å dele erfaringar og diskutere korleis vi best kan møte behovet til ungdom.
Tema for samlinga var mellom anna endringar i ungdom sine bruksmønster og korleis offentlege tenester kan møte ungdom der dei faktisk er. KI og nye måtar å søkje etter informasjon på var også ein del av diskusjonen. Fleire opplever at trafikkmønsteret endrar seg, fordi ungdom i aukande grad brukar KI-tenester og sosiale medium som kunnskapskjelder.
Samtidig vart det understerka at ungdom framleis ønskjer å snakke med ekte menneske når dei har spørsmål om vanskelege eller personlege tema. Tenester der ungdom kan stille spørsmål og få svar frå fagpersonar er derfor framleis svært viktige.
Kort om ung.no
- ung.no er statens primære kanal for ungdom. Målgruppa er ungdom mellom 13-20 år.
- Visjonen er å gjere det litt lettare å vere ung.
- ung.no svarar på spørsmål frå ungdom, gir dei informasjon dei treng i møtet med samfunnet og viser dei vidare til andre tenester ved behov.
- Kvar dag svarar eit tverrfagleg panel på omtrent 300 spørsmål frå ungdom.
Bilete frå samlinga
Fageierforum i Tromsø.
Deltakere på Fageierforum i Tromsø samlet til fellesbilde.
Nettverksbygging og erfaringsutveksling mellom deltakerne.