Hopp til hovedinnhold

Det er første gongen Digdir inviterer både offentlege og private aktørar for å lære meir om digitale lommebøker. Politiet er ein av dei som deltok på hackathonet i Oslo i januar, og delar sine tankar om å delta på ein slik arena.

Opprettet: 30. januar 2026

Kvar månad trekker vi fram nokre verksemder som brukar Digdir sine fellesløysingar i vår faste spalte her på Samarbeidsportalen. Denne månaden skiftar vi fokus over til det høgaktuelle hackathonet for digital lommebok, og vi ønsker å trekke fram ein av dei mange aktørane som deltok. Dei deler litt av sine erfaringar kring deltakinga.

Bilde av hackathondeltakere
Utviklarane Elise Strand Bråtveit, Lotfi Lazreg og Emil Eriksmoen deltek på hackathon frå Politiets IT-eining. Her jobbes det med bevis i sandkassa for digital lommebok.
Foto: Bård Basberg, Digdir

Ser gevinsten av å arbeide saman


Tidligere i januar samlet Digdir 22 virksomheter og over 80 deltakarar på hackathon for digital lommebok. Her fekk verksemdene bygge praktisk erfaring med lommebokteknologien i et trygt testmiljø (sandkassen), dele kunnskap, bygge nettverk og lære meir om blant annet eIDAS-rammeverket, som digitale lommebøker bygger på.


For politiet var samhandlinga med Digdir, utviklarar og andre offentlege aktørar ein av dei største gevinstane ved å delta på hackathonet. Fredrik Svendsen, kontorsjef ved Politiets IT-eining peikar på verdien av raskt å kunne stadfeste eller avkrefte moglege bruksområde.


— Det å kunne utforske og diskutere moglegheiter og løysingar saman med andre gir stor verdi. Vi ønska betre innsikt i arbeidet andre aktørar gjer rundt digitale lommebøker, samstundes som vi ville teste utviklarmiljøet til Digdir. For oss handlar dette både om å bli inspirert og om å teste ut eigne hypotesar, seier Fredrik Svendsen ved Politiets IT- eining.

Kva er eit hackathon?
Eit hackathon er ei intensiv arbeidsøkt, der utviklare og andre fagpersonar samlast for å løyse utfordringar og utforske idear på kort tid. Denne gongen handla det om digitale lommebøker, som skal innførast i Europa på bakgrunn av eIDAS 2.0-forordninga.

Har vært lærerikt

Frå Politiets IT-eining møtte vi tre engasjerte og smilande utviklarar på hackathonet. Dei fortel at dei har lært mykje om sandkassa og korleis den kan brukast.

—Det å få ein grunnleggande innføring på hackathonet har vore svært nyttig. I tillegg er det mykje nettverking, og vi får påfyll av pitcher frå andre. Folk er opne, positive og interesserte i å prate saman, fortel Emil Eriksmoen frå politiet.


Elise Strand Bråtveit skyt inn frå andre sida av bordet:
— Sjølv om det er komplekst, er det også veldig lærerikt, fortel ho.

Jørgen Binningsbø forteller om den digitale lommeboken på hackathon
Deltakarane fekk innføring i lommebokteknologien og testmiljøet som vert kalla for sandkassa, under hackathonet i januar 2026.
Foto: Bård Basberg, Digdir

Oppmodar fleire til å delta på slike arenaer


De er svært positive til arrangementet om digital lommebok, og at dette er ein god moglegheit til å lære meir om det som møter oss i tida framover, i samspel med Digdir sitt fagmiljø og andre aktørar:


— Spesielt eit hackathon er ein ypperleg moglegheit til å bli inspirert av andre aktørar og dra nytte av fellesskapet som oppstår. Ved å arbeide dedikert med problemstillingar, diskutere løysingar og teste teknisk måloppnåing saman med andre, kan ein raskt verifisere både behov og retning. Det er slik vi kan lage løysingar som dekker reelle behov, avsluttar Fredrik frå politiets IT-eining.


Vi takkar politiet for deltakinga og for at dei delte sine erfaringar frå hackathonet.