Hopp til hovudinnhald

Digdir er i vekst, og har fått med seg to nye traineer på laget. Møt Stine og Frida!

Laga: 12. september 2025

Hjå Digdir arbeider vi aktivt med rekruttering, og vi er opptekne av å rekruttere nyutdanna med fersk kompetanse. I år er vi så heldige å ha fått med oss to nye traineer gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram på Vestlandet.

Klare for eit spennande år hjå Digdir

Stine Vik Letrud (21) og Frida Pedersen Bekkestad (27) er på plass hjå Digdir, og dei har allereie rukke å finne seg godt til rette på kontoret vårt på Leikanger.

Stine har teke vegen fra Vestnes (og England) til Sogn. Ho fullførte nyleg ein bachelorgrad i Computer Science i Brighton. No er ho på plass på utviklingsteamet og skal jobbe med eInnsyn.

– Eg har aldri vore i Sogn før, men har fått eit veldig godt fyrsteinntrykk av både bygda og av Digdir. Det føles trygt å komme til ein arbeidsplass med ein så varm velkomst, fortel Stine.

Frida kjem frå Drammen, men har derimot vore fleire år i Sogndal og trivst godt blant fjord og fjell. Bak seg har ho eit jobbår og ein master i innovasjon og marknadsføring. No ser ho fram til å ta fatt på nye oppgåver innan marknadsarbeid knytt til Samarbeidsportalen, marknadssaktivitetar og kundeoppfølging.

Bilete av dei to nye traineeane, Frida og Stine
Vi ønskjer våre to nye traineear, Frida Pedersen Bekkestad og Stine Vik Letrud velkomne til Digdir!

Kva vil det sei å være trainee i Framtidsfylket?

Traineeprogrammet på Vestlandet er drevet i regi av Framtidsfylket. Framtidsfylket Vestland jobber for å rekruttera og behalde ung arbeidskraft i regionen. Gjennom traineeprogrammet får Stine og Frida eit unikt år med arbeidserfaring og ein mentor å støtte seg på hjå Digdir.

Samtidig ventar eit spennande program med samlingar rundt om i Vestland, og ein tur til Brussel på vårparten. Her møter dei traineer frå andre verksemder på Vestlandet. Temaene spenner fra personleg utvikling til faglig påfyll, og gir et solid grunnlag på starten av arbeidslivet. Etter første samling er dei begge positive til traineeåret:

- Vi har allereie blitt godt kjende med fleire av dei andre traineene! I tillegg kan vi dele erfaringer frå det å vera ny i arbeidslivet på samlingane. Å vera ein del av eit nettverk gjer starten på arbeidslivet enda kjekkere og litt mindre skummelt! Vi gler oss til eit år fylt med mye læring og utfordringar.

Traineer og mentorar samla på den første traineesamlinga på Jølster
Traineer og mentorar var samla på den første traineesamlinga på Jølster i Sunnfjord
Foto: Kristine Slettehaug

Digdir som traineebedrift

Digdir har i fleire år deltatt i Framtidsfylket sitt traineeprogram og har hatt gode erfaringar med å tilsette traineer. Nokre av dei har også blitt verande i verksemda.

For oss er traineeprogrammet ein fin rekrutteringsarena for å nå ut til unge nyutdanna med nye perspektiv og fersk kompetanse. Gjennom traineeprogrammet får vi gitt dei ein ekstra god start i arbeidslivet og samstundes visa fram Digdir som ein arbeidsplass full av spennande moglegheiter.

Traineestillingane er svært populære. Digdir fikk inn mange relevante og aktuelle søkare, med over 200 søkjarar på traineestillingane!

Digdir oppfordrar difor fleire til å bli traineebedrift! Les meir om det å vere traineebedrift her.

Vi er glade for å ha med Stine og Frida på laget, og gler oss til å sjå alt dei får til i året som kjem.