Denne veka er Digidir ute blant unge lovande på karrieremesser i Oslo og Bergen.
Digdir er denne veka i både aust og vest, klare til å prate med studentar som kanskje ønskjer å bidra til å utvikle offentleg sektor i åra framover.
- Det har vore god stemning, gode samtalar og mange nysgjerrige studentar, akkurat slik vi håpa på, seier Hallvard Bjørdalsbakke og Kenneth Helland!
Digdir har rigga seg til med både stand og konkurranse på ITxBergen. Digdir er ein av 37 verksemder som stiller på arrangementet i Bergen, og det er godt oppmøte frå IT-studentar frå heile Bergen.

ITxBergen arrangerer karrieredagar for IT-studentar i bergensområdet, og er tidlegare kjent som echo karriere. Arrangementet har heldt fram sida 2019, og når breitt ut til studentar ved Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Høyskolen Kristiania og alle som er interesserte i Bergen.
Set vi kursen østover finn vi Kristoffer Svedal på Ifi i Oslo. Arrangementet i Oslo, Dagen@ifi er ein av dei største IT-karrieredagane som finner stad der. Desse jobbar for å gi studentar moglegheita til å møte verksemder og utforske moglegheitene som finst etter enda studie. Her samlast òg ei mengd verksemder og hundrevis av nysgjerrige IT-studentar.
Ein viktig arena
Det er viktig for Digdir å møte studentar for å synleggjere samfunnsoppdraget vårt, korleis Digdir er som arbeidsplass og kva moglegheiter som finnes hjå oss. Samstundes ønskjer vi å bli betre kjende med studentane der ute. Vi har hatt nokre flotte dagar i Bergen og Oslo, og set stor pris på alle møta med så mange hyggelege og nysgjerrige studentar.