Digdir heiar på nynorsk i offentlege digitale tenester, og ønsker å bidra til å framheve fokus på skriftspråket. Difor markerer vi den nasjonale nynorskdagen 12. mai, og feirar at dei to skriftspråka våre no har vore likestilte 141 år!
Kvifor nynorsk i offentleg sektor?
12. mai er dagen for det historiske likestillingsvedtaket i 1885, då Stortinget vedtok å likestille nynorsk og bokmål. Nynorsk er ein viktig del av den norske språkarven, men også eit heilt sentralt verktøy i offentleg kommunikasjon. Offentlege verksemder har eit ansvar for å bruke begge målformer, og språklova gir tydelege føringar for korleis statlege organ skal kommunisere, både med innbyggarar og i eigne dokument.
Minst 25 prosent nynorsk
Skriv de nynorsk? Det gjer vi. Som offentleg verksemd er vi forplikta til å følge språklova, som fremjar likestilling mellom bokmål og nynorsk. Derfor har vi ekstra merksemd på nynorsk, og Digdir har som mål å ha minst 25 prosent av alt vårt innhald på nettsider, i sosiale medium og trykt materiell på nynorsk. Vi må også sørgje for at skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar er på både nynorsk og bokmål.
Her på Samarbeidsportalen er prosentdelen mykje høgare enn minstekravet, og vi jobbar for å få til enda meir. Fleire i redaksjonen skriv på nynorsk, då dette er hovudmålet for fleire av oss. Det kjem vi til å halde fram med.
Bruk av begge målforNår vi bruker begge målformer, gir vi fleire ei betre brukaroppleving og tilgang til viktig informasjon. Ved å bruke nynorsk aktivt i offentleg sektor, er vi med på å ta vare på det språklege mangfaldet i Noreg. Dersom nynorsk ikkje blir brukt i praksis, risikerer vi at språket gradvis blir svekka. Offentlege verksemder spelar derfor ei nøkkelrolle i å halde nynorsk levande og relevant.
Ei felles oppgåve - skriv nynorsk!
Nynorskdagen er ei påminning om ansvaret vi alle har, spesielt i offentleg sektor. Ved å bruke nynorsk i kommunikasjonen vår, bidreg vi til å ta vare på språk- og kulturhistoria, og verdsette språkleg variasjon.
Vi ønsker alle ein god nynorskdag - og håpar de vil vere med og skrive nynorsk!