Hopp til hovudinnhald

Statistikken for januar er no publisert, og vi kan sjå at pilene peikar både opp og ned på dei forskjellige løysingane.

24. februar 2025

Stabil bruk av eFormidling i januar

... men justering av talgrunnlag gir nedgang i statistikken.

Bruken av fellesløysinga eFormidling held seg stabil, men tala for januar syner ein nedgang samanlikna med tidlegare rapporteringar. Dette kjem av ei justering av talgrunnlaget, då kvitteringar ved ein feil har vorte inkluderte i statistikken for DPO-forsendelsar tidlegare.

Justeringa vil gi ein meir presis oversikt over faktisk bruk av eFormidling. Nedgangen i januarstatistikken skuldast difor ikkje redusert bruk, men ei korrigering av uthenting av tal.

Framover

Arbeidet med å sikre nøyaktig statistikk og innsikt i bruken av eFormidling held fram. Justeringa av talgrunnlaget vil bidra til at framtidige rapportar gir eit meir korrekt bilete av utviklinga.

Statistikk for alle våre løysingar

På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.