Hopp til hovudinnhald

Gjennom 2022 vart det klart at vi gjekk tøffare tider i møte, og det utfordrar utan tvil digitaliseringstakta. I årsrapporten kan du lese meir om Digdir sine mål, resultat, utfordringar og planar – og korleis vi kan skape ein enklare digital kvardag framover.

27. april 2023

Korleis står det til med digitaliseringa, og korleis hevdar Noreg seg internasjonalt? Kvifor er digitalisering ein nøkkel til å nå FN sine bærekraftsmål? Leverte Digdir i tråd med måla i 2022, og kva resultat kan vi vise til på dei ulike fagområdene våre. Korleis vurderer vi framtidsutsiktene for digitaliseringa av Noreg, kva utfordringar ser vi og korleis kan vi løyse dei? Det er nokre av spørsmåla du kan få svar på i Digdir sin årsrapport for 2022.

Visste du at …

  • … Digdir no gjennomfører to av dei mest komplekse teknologiprosjekta i offentleg sektor, nemleg moderniseringa av ID-porten og Altinn, som vert nytta av meir enn 12 000 offentlege tenester kvar dag og mellom 1 000 og 2 000 nye tenester kvart år?

  • … ei av dei viktigaste årsakene til at Noreg lukkast på digitalisering, er at vi har ein god digital grunnmur i form av nasjonale fellesløysingar og register som gjer det enklare og billigare å bygge gode digitale tenester for folk og samfunnet?

  • … digitale fullmaktsløysingar, som er avgjerande for mange som treng hjelp frå andre, kan spare samfunnet for 1,6 milliardar kroner over ti år?

  • … krigen i Ukraina endrar trusselbiletet også for Noreg – og aukar risikoen for angrep på vår digitale infrastruktur?

På digdir.no kan du lese meir om rapporten.

banner med årsrapport 2022