Hopp til hovudinnhald

Statistikksidene på samarbeidsportalen har fått nytt liv. Med eit meir moderne uttrykk og fleire nye grafar blir det no enklare å få oversikt og innsikt.

Meir moderne uttrykk

Vi har nyleg lansert ei oppdatert utgåve av statistikksidene på samarbeidsportalen. Sidene har fått eit nytt og meir moderne design som gjer det lettare å navigere og finne fram til relevant informasjon.

I tillegg til nytt visuelt uttrykk har vi utvida innhaldet med fleire nye typar statistikk. Dette gir eit breiare og meir nyansert bilete enn tidlegare, og legg betre til rette for analyse og vidare bruk av tala.

Eit døme på ny statistikk er aldersfordeling i ID-porten, illustrert i grafen under.

Statistikk for Altinn

I løpet av 2026 vil også statistikk for Altinn-løysingane bli publisert i ei tilsvarande visning. Dette vil bidra til endå betre samanheng og oversikt på tvers av løysingane.

Har du tankar eller innspel til innhaldet?

Vi ønsker tilbakemelding frå deg som brukar statistikksidene. Dersom det er statistikk du saknar, eller du har innspel til vidare forbetringar, kan du ta kontakt med oss på servicedesk@digdir.no.

Innspela vil vere viktige i det vidare arbeidet med å utvikle statistikksidene.

Sjå dei nye statistikksidene