Forsvaret har teke i bruk mange av våre fellesløysingar, blant anna for å nå unge med innkalling til fyrstegongsteneste.
Bruk av fellesløysingane
Forsvaret brukar ID-porten for sikker innlogging på Forsvarets Min side. eSignering vert brukt til signering av arbeidsavtalar og Kontakt- og reservasjonsregisteret til å hente mobilnummer ved utsending av SMS til vernepliktige og tilsette. Innkalling til fyrstegongsteneste vert sendt som brev til digital postkasse. Der nyttar dei i tillegg lenke utanfor brev slik at dei som har motteke det digitale brevet på ein enkel måte kan logge seg inn på Min side og bekrefte innkallinga.