Hopp til hovedinnhold

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Digdir vil i seinsommar og haust gjere endringar i eFormidling som krev oppdateringar hjå alle som brukar løysinga.

Opprettet: 28. mai 2025

Formål med endringane

Endringane skal sikre at eFormidling:

  • Held fram som ei trygg og sikker løysing også i framtida
  • Fortset å fungere etter overgangen frå Altinn 2 til Altinn 3.

Kva betyr det for deg som kunde?

  • API-et til integrasjonspunktet blir uendra, slik at eksisterande integrasjonar vil halde fram med å fungere.
  • Migreringa skjer trinnvis og fleksibilet, slik at endringar kan gjerast i eige tempo (innafor overgangsperioden).

Endringane blir innførte i to steg

Dei planlagde endringane vert innført i to steg, og blir kalla Integrasjonspunkt v3 og Integrasjonspunkt v4.

Steg 1 Integrasjonspunkt versjon 3

Dette er ein frivillig, men anbefalt oppgradering. Planlagt lansering er seinsommar/haust 2025.

Viktige endringar er:

  • Oppgradering til Java versjon 21
  • Innføring av ei sikrast mogleg standardkonfigurasjon
  • Innføring av transportsikring og autentisering for logg
  • Fjerning av støtte for eFormidling 1.0 (BEST/EDU)
    • Les meir om avviklinga her
  • Fjerning av støtte for proxy-klienten til DPI

Kva må de som kundar gjere?

  • Last ned og ta i bruk Integrasjonspunkt v3
  • Gå gjennom konfigurasjonen, særleg med tanke på den nye standardkonfigurasjonen (ein kan velje "opt out" om ønskjeleg)
  • Dersom du brukar Java-distribusjonen:
    • Installer Java 21
    • Sørg for at integrasjonspunktet startar med Java 21

Steg 2: Integrasjonspunkt versjon 4 (påkrevd)

Versjon 4 er planlagt lansert mot slutten av 2025.

Viktige endringar er:

  • Alle punkt frå versjon 3
  • Tilpassingar til Altinn 3

Kva må de som kunder gjere?

  • Last ned og ta i bruk Integrasjonspunkt versjon 4
Framdriftsplan eFormidling

Kontakt

Servicedesk