Hopp til hovudinnhald

eInnsyn er ein sentral fellesløysing for å sikra openheit og innsyn i offentleg forvaltning. Løysinga sikra ei open forvaltning, og her kan du høyra og lesa meir om korleis journalistar brukar løysinga.

19. oktober 2022

eInnsyn er ei viktig løysing for både offentleg forvaltning, og ikkje minst innbyggjarar. Norge har verdas beste regelverk på openheit og innsyn i offentleg forvaltning, For å kunne etterleva dette regelverket er ein avhengig av gode løysingar for innsyn og her spelar eInnsyn ei svært sentral rolle.

Målbilde er å ha ei innsynsløysing for heile offentleg forvaltning, både statleg, fylkeskommunal og kommunal. På den måten kan innbyggjar ha ein stad å forholde seg til.

Kraftig auke i bruk

Ytringsfrihetskommisjonen leverte i haust ein rapport på bestilling frå Kultur- og likestillingsdepartementet og der via dei eInnsyn stor merksemd, og peika på den som ei viktig løysing for ytringsfrihet. Viktigheita av løysinga ser ein og på bruken. Antall klikk på eInnsyn har hatt meir enn ei dobling frå juni 2021 til juni 2022.

Svært viktig for media

På brukarrådet fekk me høyra Eiliv Frich Flydal i VG fortelja korleis media nyttar eInnsyn. Han viste til fleire døme på store mediesaker der blant anna eInnsyn har vore viktig for å avdekka graverande saker. Han peika blant anna på Bergen Engines-saken i 2021 og Nigeria-båtane i 2013 som saker der det var essensielt med gode innsynsløsyingar.

Flydal poengterte og viktigheita av at offentleg forvaltning brukar og leverer til eInnsyn. Løysinga blir aldri bedre enn offentleg forvaltning gjer den, ved å levere og journalføra på anbefalt måte.

I filmane kan du og få høyra meir om korleis Mattilsynet jobbar med fulltekstpublisering i eInnsyn.

Me jobbar med teksting av desse opptaka. Tekst blir lagt inn i opptaka så snart det er klart.

Pressa sitt arbeid med eInnsyn

Presentasjon av Eiliv Frich Flydal i VG. Etterfulgt av oppfølgingspørsmål fra programleder, Mari Forberg Jøndahl.

Fulltekstpublisering med erfaringer

En dialog med Stein Magne Os, produkteier for eInnsyn. Hva er fulltekstpublisering og hvorfor er det viktig? Mattilsynet deler sin erfaring. Programleder Mari Forberg Jøndahl.