Mattilsynet er ein av dei offentlege verksemdene som mottek flest innsynskrav. For å redusere tidsbruken har dei teke i bruk fulltekspublisering i eInnsyn.
Enklare og meir effektivt
Mattilsynet har sett seg som mål at dei ikkje skal bruke tid på å vurdere innsyn på nytt der innsyn allereie er gitt. Difor fulltekstpubliserer dei alle dokument som er kvalitetssikra og vurdert som ikkje unntatt offentlegheit. Mattilsynet si erfaring er at dette er enklare for brukarane og gjev ein meir effektiv ressursbruk for Mattilsynet.