eInnsyn held fram med jamn trafikk - og er ein viktig komponent for openheit i det offentlege.
Kvifor eInnsyn?
einnsyn.no gir publikum tilgang til offentlege dokument i Noreg, noko som gjer det enklare for innbyggjarar, journalistar og andre interesserte å søkje etter og få innsyn i saksdokument, postjournalar, vedtak og anna offentleg informasjon frå statlege og kommunale organ.
Tenesta er ein del av openheitsprinsippet i Noreg, som handlar om at offentleg forvaltning skal vere open for innsyn og kontroll. Via einnsyn.no kan du både søkje etter dokument og be om å få innsyn i spesifikke saker, i tråd med offentleglova.
Meir enn 70 millionar dokument er publisert på eInnsyn. Og dette talet held fram med å auke kvar månad.
Statistikk for alle våre løysingar
På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.