Hopp til hovudinnhald

Sikri inviterer til sitt årlege Treffpunkt på The Hub i Oslo frå 4. til 6. november. Vi i Digdir er på plass og skal bidra inn i innlegg på scenen, og vi håper å treffe deg på vår stand.

04. november 2024

Sikri sitt Treffpunkt er ein viktig møteplass for oss og våre samarbeidspartnarar, og gir oss ei god moglegheit til å møte både leiarar og brukarar av fellesløysingane, og halde oss oppdatert.

Vårt hovudfokus er fellesløysingar. Ved å nytte offentlege fellesløysingar, bidreg vi til ei bærekraftig og omstillingsdyktig offentleg sektor - for alle.

Panelsamtale om teknologi og arbeidskvardag

Onsdag 5. november klokka 10:30 deltek vi i ein panelsamtale med temaet "Ny arbeidskvardag?" Panelet skal diskutere korleis teknologi påverkar den nye arbeidskvardagen, med eit spesielt fokus på korleis dei unge ser på dette. Vår dyktige og erfarne Birgitte Yttri leiar Digdirs bidrag, og ho vil ha med seg nokre unge kollegaer som vil bli intervjua om temaet innleiingsvis.

Innlegg om eInnsyn og Fullekstpublisering

Seinare på dagen klokka 14:50 held produktsjef for eInnsyn Siw Kvåle Sanden eit innlegg om eInnsyn og Fullekstpublisering. Her får du siste nytt om eInnsyn, ei drøfting av fordeler og ulemper, og vi ser nærare på korleis vi kan skape tryggleik og tillit både hos brukarane og saksbehandlarane.

Velkommen til vår stand!

Vi ynskjer alle velkomne til å besøke vår stand! Vi er klare til å lytte, orientere og bli betre kjent med deg. Vi hjelper deg gjerne med å finne god informasjon, og vi vil gjerne høyre om dine behov og erfaringar.

Vi ser fram til å sjå deg på Treffpunkt!

Kontakt

Aud Inger Sviggum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 40 60 62 22