Statistikk for ELMA
Her finn du oppdatert statistikk for ELMA, mellom anna tal på registrerte mottakarar, aktive verksemder og utvikling over tid. Tala gir eit bilete av korleis ELMA blir brukt som register for elektronisk adresseinformasjon i offentleg sektor.
Oppslag
Grafen viser kor ofte verksemder gjer oppslag i ELMA for å finne rett mottakar av elektroniske dokument. Talet på oppslag gir eit bilete av kor aktivt registeret blir brukt i kvardagen, og kor viktig ELMA er for korrekt og effektiv dokumentflyt. For meir detaljert informasjon kan du halde musepeikaren over grafen.
Oppetid
Grafen viser oppetida for ELMA per månad dei siste 12 månadene. Kravet er 99,90 prosent, markert med ei stipla line. Månader under kravet blir rekna som brot på oppetida.
Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.
Mottakarar
I ELMA er ein mottakar ei verksemd (offentleg eller privat) som er registrert for å ta imot elektroniske dokument. Grafen under viser kor mange verksemder som har mottatt elektroniske dokument gjennom ELMA, og gir eit bilete av kor breitt registeret er i bruk.
Aksesspunkt
Eit aksesspunkt i ELMA er den tekniske tenesta som tek imot og vidareformidlar elektroniske dokument på vegner av ei verksemd. Aksesspunkt er ein viktig del av infrastrukturen for sikker og standardisert elektronisk samhandling.
Datagrunnlag
Om du ønsker meir detaljert informasjon om grunnlaget for grafane, kan du sende ein e-post til servicedesk@digdir.no. Vi sender deg gjerne datagrunnlaget.
Meir statistikk?
Er det noko du saknar? Vi set pris på tilbakemeldingar og tek gjerne imot innspel til kva vi bør vise. Send oss ein e-post med ønska dine.