Hopp til hovudinnhald

eSignering er ei løysing som gir effektiv og enkel elektronisk signatur av dokument. Ein av måtane å koble seg på tenesta er gjennom web-portalgrensesnittet. Her finn de tips og triks for å bruke nettopp det.

05. mars 2025

Mange moglegheiter med portalløysing

  • Tilgang til portalløysinga: Alle kundane våre som brukar eSignering, har moglegheit til å ta i bruk portalløysinga.
  • Ingen ekstra kostnad: Det kostar ingenting å kople seg opp mot portalen.
  • Funksjonar i signeringsportalen:
    • Enkelt sende signeringsoppdrag.
    • Sjekke status på signeringsjobbar, både dei som er sende frå portalen og frå eit integrert sakssystem.
    • Sjå kvar varsel om signeringsførespurnad er sendt.
    • Sjå tidspunkt for sending av både oppdrag og varsel.

Korleis bruke portalløysinga

Når ein loggar inn som verksemd på https://signering.posten.no/ vil ein kunne sjå dei signeringsoppdraga som har blitt sendt - både frå portalløysinga og frå integrert system.

Du vel "Logg inn" oppe i høgre hjørne og veljer "Logg inn som virksomhet".

Etter innlogging vil du sjå dette:

signeringsportalen

Her vel de den fana som gjeld for dykk.

Når de får fram lista over signeringsoppdrag, kan de utvide visninga på kvart enkelt oppdrag.

Der vil de sjå kven som har signert og ikkje. De vil og sjå kvar det er sendt varsel om signering.

signeringsportalen status

Greitt å vite


Dersom mottakar meiner dei ikkje har motteke varsel om signering så er det i dei fleste tilfella epostklienten til mottakar som avvisar varselet. Da kan de be vedkommande om å logge inn på https://signering.posten.no/ og velje "Logg inn for å signere". Da vil dei finne signeringsoppdraget der.

For å ta i bruk portalløysinga kan de ringe Servicedesk på 957 36 103.