Hopp til hovudinnhald

Statistikken for fellesløysingane er no oppdatert. Denne gongen er det særleg éin trend som gler oss: Stadig færre reserverer seg mot digital kommunikasjon med det offentlege.

Laga: 24. september 2026

Kontakt- og reservasjonsregisteret inneheld kontaktinformasjon (e-postadresse og mobilnummer) til innbyggarane, i tillegg til kva digital postkasse dei har valt, og om dei har reservert seg mot digital kommunikasjon. Offentlege verksemder slår opp i registeret for å vite korleis dei skal nå den enkelte.

Om lag fem millionar har registrert seg

Rundt fem millionar innbyggjarar har no registrert kontaktinformasjonen sin i registeret. Samtidig har talet på reserverte gått ned dei siste åra.

Det betyr at fleire får brev og varsel frå det offentlege raskt og digitalt, og at stadig fleire tenester kan nå innbyggjarane der dei er.

Viktige servicemeldingar, som til dømes kokepåbod, kan framleis sendast til alle, også til dei som har reservert seg.

Sjå statistikken for alle fellesløysingane