Korleis kan teknologi og fellesløysingar bidra til betre dokumentasjonsforvaltning og meir effektiv bruk av ressursar i helsesektoren? Det var hovudspørsmålet då fagfolk frå heile landet møttest til Nasjonal konferanse for digitale arkiv i helseføretaka 29.–30. oktober på Økern Portal i Oslo.
To dagar med innsikt og inspirasjon
Konferansen er eit initiativ frå arkivleiarane i dei regionale helseføretaka, og samla deltakarar frå helseføretak, statlege verksemder og sentrale aktørar innan digitalisering og informasjonsforvaltning. Formålet med samlinga var å gje fagleg påfyll og inspirasjon, dele erfaringar og bli betre kjent på tvers – og saman utforske mogelegheitene i tilgjengeleg teknologi, den nye arkivforskrifta og fellesløysingar som kan brukast i større grad.
Programmet spegla aktuelle utfordringar og moglegheiter innan dokumentasjonsforvaltning og digitalisering i helseføretaka. Blant tema som vart løfta fram var:
- den nye arkivforskrifta og kva ho betyr i praksis
- robotisering og bruk av KI-agentar
- eSignering, nye tenester i eFormidling og erfaringar med Altinn Studio
- arkivtilsyn og digitaliseringsprosjekt i helseføretaka
Bidragsytarar inkluderte Nasjonalarkivet, Norsk Helsenett, Norsk Helsearkiv, Skatteetaten, Digdir og fleire helseføretak. Deltakarane fekk høyre om både erfaringar frå tilsyn og resultat frå ambisiøse digitaliseringsinitiativ, og det vart vist fram konkrete verktøy som kan bidra til betre informasjonsforvaltning og auka kvalitet i dokumentasjon.
Fellesløysingar som nøkkel til framtidsretta arkivtenking
Eit sentralt poeng under konferansen var korleis fellesløysingar kan støtte opp under digital transformasjon og effektiv dokumentasjonsforvaltning. Løysingar som Altinn Studio, eSignering og eFormidling vart løfta fram som døme på korleis offentlege verksemder kan forenkle prosessar, styrke kvalitet og sikre betre samhandling på tvers.
Gjennom samarbeid mellom helseføretaka og nasjonale aktørar ligg det eit stort potensiale i å utnytte teknologiens moglegheiter – både for betre kvalitetssikring og for å frigjere tid og ressursar til oppgåver som kjem pasientar og brukarar til gode.
Eit samarbeid for framtida
Nasjonal konferanse for digitale arkiv i helseføretaka viser kor viktig samarbeid og erfaringsdeling er for å utvikle framtidsretta løysingar i offentleg sektor. Når fagmiljø, verksemder og utviklingspartnarar møtast, kan det skapast ny forståing og praktiske grep som bidreg til betre forvaltning, meir effektiv drift – og tryggare tenester for innbyggjarane.
Frå v.:Heidi Nergård, Helse Sør-Øst, Maja Lien, HEMIT, Catherine Noraas, Helse Vest, tidlegare Riksarkivar og æresgjest Ivar Fonnes, Aini Camilla Halle, Helse Midt-Norge, Øyvind Skogstad Hansen, Helse Nord
Gode diskusjonar i pausene
Statsforvalternes fellestjenester på scenen
Finnur Olafsson fra Digdir forteller om mulighetene med Altinn studio