Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Rett bruk av logo er viktig for å sikre god universell utforming og for å tydeleggjere at det er ID-porten som blir brukt til innlogging.

Laga: 15. mars 2024

Mange brukar feil logo

Stikkprøver viser at mange verksemder brukar feil logo på sine nettsider. Mange nyttar ein gammal ID-porten logo og nokre brukar BankID sin logo/namn. Vi ber alle våre kundar sjekke sine tenester og sørger for rett bruk av logo.

Bruk av logo på nettsider og i appar

Det er viktig at logoen vert brukt korrekt og at retningslinjer vert følgde. Det er ikkje tillate å gjere endringar på logooriginalen. Fargegjengiving, proporsjonar og oppløysing skal brukast korrekt.

Når tenester nyttar ID-porten til innlogging er det alltid ID-porten sin logo som skal brukast. Det er ikkje høve til å bruke namn på enkelte e-ID-leverandørar eller bruke e-ID-leverandørane sine logoar.

Logo eller berre logosymbol (emblem)

Når det er praktisk mogleg ynskjer vi at logoen vert brukt i si heilheit, altså både logosymbol (emblem) og namnetrekk. I små flater vil logoen nokre gonger vere lite synleg og emblemet må gjere jobben aleine.

ID-porten logo

Dette er logoen som skal brukast, det er ikkje høve til å bruke eldre versjonar av logoar for ID-porten eller andre variantar av Digdir sine logoar.

Kontakt

Servicedesk