Bruk av ID-porten logo
Rett bruk av logo er viktig for å sikre god universell utforming og for å tydeleggjere at Digdir er avsendar. ID-porten sin logo skal alltid brukast på tenester som nyttar ID-porten til innlogging.
Bruk av logo på nettsider og i appar
Det er viktig at logoen vert brukt korrekt og at retningslinjer vert fulgt.
Det er ikkje tillat å gjere endringar på logooriginalen. Fargegjengiving, proporsjonar og oppløysing skal brukast korrekt.
Når tenester nyttar ID-porten til innlogging er det alltid ID-porten sin logo som skal brukast. Det er ikkje høve til å bruke namn på enkelte e-ID-leverandørar eller bruke e-ID-leverandørane sine logoar.
Logo eller berre logosymbol (emblem)
Når det er praktisk mogleg ynskjer vi at logoen vert brukt i si heilheit, altså både logosymbol (emblem) og namnetrekk. I små flater vil logoen nokre gonger vere lite synleg og emblemet må gjere jobben aleine.
Det er denne logoen som skal brukas i samband med ID-porten, ikkje eldre versjonar av logoar for ID-porten eller andre variantar av Digdir sine logoar.