Hopp til hovudinnhald

Vi har no lansert ny funksjonalitet i ID-porten som gjer det mogleg å logge inn på vegne av andre – først og fremst for verjer, og etter kvart for fleire gjennom brukarstyrte fullmakter.

Oppretta: 12. juni 2025

Innlogging på vegne av andre

ID-porten tek no eit viktig steg vidare med støtte for innlogging på vegne av andre. Mange brukarar har behov for hjelp til å bruke digitale tenester, då dei ikkje klarer eller ynskjer å bruke tenestene sjølve. Det er eit stort udekt behov på dette området og tiltak knytt til etablering av nasjonale løysingar på fullmaktsområdet er forankra både i Digitaliseringsstrategien og Nasjonal e-ID-strategi.

Kven kan innbyggar representere?

Funksjonaliteten vi no har lansert, innlogging på vegne av andre, er først og fremst for verjer. Innlogga brukar må velgje eit eksisterande fullmaktsforhold som er registrert i ei ekstern autorativ kjelde. Per no er det Vergemålsregisteret til Statens Sivilrettsforvaltning, distribuert via Folkeregisteret, som er den tilgjengelege autorative kjelda. Så snart brukarstyrte fullmakter for innbyggar vert tilgjengeleg i Altinn 3 så vil desse inkluderast i løysinga.

Dagens løysing kjem ikkje til å løyse alle behov som finst på dette området og ID-porten kan ikkje løyse dette aleine, men effekten kan bli stor sidan ID-porten blir brukt av alle og det er enkelt å ta den nye funksjonaliteten i bruk.

Vill de vere med å teste?

Innlogging på vegne av andre er ein beta-funksjonalitet. Vi treng verksemder som kan hjelpe oss å teste og forbetre funksjonaliteten gjennom ein pilotfase i 2025. Digdir ønsker å teste ut korleis ID-porten kan understøtte ei nasjonal fullmaktsløysing, ved å la fullmektige kunne logge inn på vegne av sine fullmaktsgivarar til offentlege tenester. Erfaringar frå piloten skal blant anna inngå som kunnskapsgrunnlag i utredning på fullmaktsområde i e-ID-strategien.

Sei gjerne frå før de tek det i bruk

Alle kundar som meiner dei har nødvendig behandlingsgrunnlag kan ta dette i bruk no, funksjonaliteten er lagd ut både i test- og produksjonsmiljøet, men vi ynskjer gjerne at de gir beskjed til vår servicedesk før de tek det i bruk.

Kontakt

Servicedesk